09.01.2013

Bloggjenoppliving (igjen), sørstatsvinter og treningsleir


Vel "heime" i North Carolina, 4 år sidan sist, men livet i Asheville har ikkje forandra seg stort:)
Folk her er framleis i feriemodus så me køyrer ut til Rumbling Bald for å buldre eller klatre, lagar fellesmiddag og kosar oss som berre det. Eg og Joey reiste ned til Tennessee eit par dagar, treningsleir in The Obed for å kunne bli like sterke som Joe før me reiser på langtur. Eg får ikkje overført bilete frå kameraet mitt enda, så foreløpig er samtlege bilete lånt/stolne frå internettet.
The Obed ser ivertfall slik ut, ikkje like grønt akkurat no, men nesten like varmt:



Me budde på ein kæmping kalla Lilly Pad, ca 15-20 min gange frå dei nærmaste områda, kjempetriveleg vertskap, selskapssjuke bikkjer, kæmpingstolar, våpenforbud og gratis ved. Eg kan lett anbefale både kæmpingen og klatringa. Sandstein (super friksjon!), takoverheng, krimp, eksponerte hjørner (beste eg veit), balanse og noko psyketrening. Det blei ivertfall ein vellykka treningsleir, og me er om ikkje like sterke som Joe enda, i det minste litt tøffare enn da me kom. 

Joe, Joey, Evelina og eg reiser frå Asheville fredag morgon, og køyrer i eitt strekk til Boulder, Colorado kor me skal leike med Hana, Josh og Chris i nokre dagar før me reiser viare vestover. Akkurat kor veigen viare går veit eg ikkje for det vil ikkje gutane fortelja, men eg trur me skal besøke ein kompis frå gamledagar (Tyler) sørvest i Colorado, og så reise ned til Utah og Arizona. Eg veit at me skal kæmpe i ørkenen, det har dei informert om slik at eg, som er livredd for å fryse, kan gå til innkjøp av ein ekstra varm sovepose. Eg er og ganske sikker på at me skal til Sedona, samt Red Rocks og Joshua Tree. Joe prata i tillegg om ein stad med dårleg sikra friksjonsklatring, eg kryssar forøvrig fingrane for at det blir nedstemt.