13.03.2009

jula 2008; ei kort oppsummering (ein god del på etterskudd)


Jul og nyttår i sørstatane er noko forskjellig frå jul og nyttår heime i Norge. Ullstilongs og fleece er bytta ut med t-skjorte og jeans, vinterskoa med sandaler, og i staden for skigåing er treklatring og slakkline det største tidsfordrivet.

Det må og nemnast at eg og Flan slo ihjel ein god del timar i kjellaren (dei dagane det regna), der vi baka cookies og brownies og kaker, trente yoga og spelte fussball.




2-3 dagar før jul reiste vi som vanleg opp til grandma og grandpa Moore i Ohio for å eta oss feite (bake fleire cookies), opne gåver og kose oss. Det er betrakteleg vansklegare å slå ihjel tid i flate Ohio, men etter at
Rubiks Kube-dilla så vidt hadde begynt å spre seg, og Mel grov fram ei
30 år gamal kube som visstnok ingen hadde klart å løyse før, gjekk det ikkje lenge før eg og Flan hadde frivillige tidtakarar og kvar sin heiagjeng.




Veka før nyttår reiste Flan, Hana, Jamie og eg enda lenger sørover, forbi utallige kyrkjer og kyr i Tennessee og til ROCKTOWN! Eit utruleg stort og fantastisk buldreområde like utanfor LaFayette, Georgia.
Der møtte vi resten av gjengen frå Morganton, og etter ei veke med sol og vakker sandstein var det ingen som klaga over mangel på fingeravtrykk og blodige fingertuppar :]

Ingen kommentarer: