05.02.2013

På biltur


Fyrste etappe, Asheville, NC - Boulder, CO.
Etter 20+ timar i bil ankom me Boulder, som ynskte oss velkomne med 25 friske kuldegrader og god stemning. Me var her i to-tre dagar, fekk strekt på føtene, buldra litt og treft att fleire Morganton folk som eg ikkje hadde sett på fleire år. (Joey og Joe som eg reiser med, samt Hana er vener frå da eg var utvekslingsstudent i Morganton, NC i 05/06).

Fin gjeng på veig opp 1st Flatiron


Neste stopp var heilt sørvest i Colorado. Tyler, ein kompis frå Morganton, har bygd seg eit bittelite minihus saman med kjærasten Rachael, som dei bur i oppe på eit platå utanfor Glenwood Springs. Me kæmpa på golvet der to netter på rad (golvplass nok til 4 stk. akkurat). Tyler var gira på å klatre is, men alt ustyret, som låg lagra under minihuset, satt fast i ei stor isblokk..  Me prøvde oss ut på ski ein dag, men endte for det meste opp med å sitja framfor ovnen (framleis kaldt).

Vedhugging og frukost i Glenwood Springs.
UTAH!
Å vera i ørkenen er som å vera på ein anna planet. Tårn store som kjemper står rett opp av ørkensanda og ruvar over gamle elveleier og canyons. Me kæmpa ved Fisher Towers ei natt, bikkjekaldt men magisk. Så blei Joey sjuk og me tok inn på eit motell i Moab. Joe, Evelina og eg rusla rundt i Arches Ntl.park i to dagar medan Joey sov, før me køyrde viare til Canyonlands og Zion Ntl.park. I Zion valsa me rundt med hovudet bøgd bakover og draumande blikk, utforska smale canyons og store jettegryter. På den siste dagen varma sola riktig godt, og eg og Joe tok i veig for å prøve oss på eit par voldsomt fine riss. Etter to veker i baksetet med skriking og peiking på utallige fristande 'splitter cracks' kan ein vel seie at me var ganske gira. Og det blei ein vellukka dag; me gjorde ein vellukka debut som "ørkenklatrarar", eg debuterte som rissklatrar (fekk til og med kose meg med perfekt handjamming, luksusdebut!), og Joe fekk vist baken til forbipasserande turistar og har no truleg debutert som blottar i eit tilfeldigt familiealbum. Vellukka det óg :)

No er me i Joshua Tree, California. Me kom hit for litt over ei veke sidan og kosar oss med klatring, sol og god mat. Fingertuppane er passe såre, fingeravtrykk har me ikkje lenger og eg har allereie slitt ut ei sko. Me klatrar på plutonar og xenolittar og quartz monzogranitt, som med andre ord er drøyt kvass stein.
Jamie, ein kompis fra Asheville, kom på besøk for eit par dagar sidan, så no er me ein ganske stor og fin gjeng her i basekæmp. Me delar i tillegg kæmp med Brian, ein avslappa, triveleg fyr som tuslar rundt barbeint og er vår yoga instruktør kvar mårgå, og Sam, aka 'Speed Deamon' - ein morosam fransk-kanadier, som me håpar blir med oss til Cochise Stronghold om ei veke når Jamie reiser heim.
I dag er fyrste ordentlege kviledag, vel fortjent etter ein ekstra hendelsesrik dag i går.. Joe tok eit 10-meters fall på led etter at ei tak braut av, og hinkar no rundt på ein fot. Eg og Joey endte opp med enda ein typisk Joshua Tree descent (talus, talus, talus), i mørkret (gløymte hodelyktane i bilen...), eg sette nesten fast foten min under ein stein, samme fot og samme tå som eg mista negelen på for nokre månader sidan.. OG me gjekk oss nesten på ein flokk coyoter. (OG eg fann ei mus i sekken da me skulle eta lunch).
Heldigvis blei alt, så nær som Joe`s ankel, bra att etter middag på ein Mexikansk restaurant i Yucca Valley samt litt internettsnylting (fb og klatrefilmn) pa parkeringsplassen til Home Depot.


Fisher Towers




Arches Ntl.park
 
Canyonlands Ntl.park
Zion

Joe gjer seg klar for rissklatring i Zion





JOSHUA TREE

EBJB (Joe)

Joe pa Taxman

Brian pa Exorsist

Ingen kommentarer: